(Nesten) alt om kulturmeldinga

Fredag la kulturminister Trine Skei Grande fram den lenge etterlengtede stortingsmeldingen om kultur. Vi har lest den.

Meldingen gir en god gjennomgang av status i dag, og legger det ideologiske grunnlaget for den statlige kulturpolitikken i årene som kommer. Den legger størst vekt på overordnede visjoner og prinsipper. Hvordan disse skal konkretiseres vil vi antakelig høre mer om i flere kommende meldinger, blant annet en kunstnermelding, en barne- og ungdomskulturmelding og en frivillighetsmelding.

Instrumentfondet består

I forbindelse med regionsreformen har et regjeringsoppnevnt utvalg foreslått å flytte en rekke statlige kulturoppgaver til fylkeskommunene. En av ordningene som var foreslått flyttet var instrumentfondet, en støtteordning som forvaltes av UNOF og Norges Musikkorps Forbund.

Kulturmeldingen slår også fast at fylkeskommunene skal få et større ansvar og flere oppgaver på kulturfeltet. Samtidig ser det ut til at instrumentfondet ikke skal røres.

«Ut fra en vurdering av at dette er midler som er satt av til lands­omfattende ordninger, der frivillige organisasjoner har en sentral plass både som forvaltere av ordningene og som mottakere av midlene, anses det som uhel­dig å overføre midlene til fylkeskommunene», heter det i tilleggsdokumentet «Utredning av oppgave- og ansvarsfordelingen mellom forvaltningsnivåene på kulturområdet».

Avsnitt vi har streket under

Vi har lest kulturmeldinga og brukt merkepennen på de avsnittene vi syntes var interessante for oss. Her kan du se dem. En mer sammenhengende kommentar til meldinga sett fra det frivillige musikklivet kan du lese på Norsk Musikkråds nettsider.

Behov for ein offensiv kulturpolitikk

Det frivillige kulturlivet er inngangen til kulturlivet for mange. Noreg har eit vitalt og levande frivillig kulturliv. Eit sterkt frivillig kulturengasjement er ein nødvendig føresetnad for det profesjonelle kulturlivet. Det er tett samspel og glidande overgangar mellom det profesjonelle og det frivillige kulturlivet. Det må leggjast til rette for dette samspelet, og det frivillige kulturlivet må få gode rammevilkår.

(…)

Marknaden åleine er ikkje tilstrekkeleg for å halde oppe eit rikt og variert kulturliv i eit land med relativt lita befolkning og i eit så lite språkområde som Noreg er. Kulturpolitikk er derfor nødvendig for å gi eit breiare og meir mangfaldig kulturtilbod enn marknaden kan utvikle åleine, og sørgje for at det blir skapt, bevart og formidla kunst og kultur som blir opplevd relevant, som utfordrar, engasjerer og gir publikum rike opplevingar.

Eit vitalt kunstliv i utvikling

Samspelet mellom det profesjonelle kunstlivet og det frivillige kulturlivet er mangfaldig. Det er ei rekkje aktørar i kulturlivets infrastruktur, det vere seg kunstnarar, instruktørar, dirigentar, lærarar, arrangørar, management, kulturjournalistar, publikum, kulturskular, øvingslokale, kulturhus og andre. Det er tett samspel og utstrekt samarbeid, og profesjonelle kunstnarar har mykje å seie for det frivillige kulturlivet. Det frivillige kulturlivet er på si side ein viktig arena for talentutvikling for det profesjonelle kunstlivet, og det utgjer òg eit viktig publikumsgrunnlag.

(…)

  • Stimulere til auka privat finansiering av kultur via samarbeid mellom offentlege og private aktørar, og alternative finansieringskjelder og forretningsmodellar
  • Vurdere innretning og fordeling av spelemidlar til kulturbygg innanfor ramma av tippenøkkelen

Fleirkulturelle moglegheiter

Det er ei utfordring at nokre grupper fell systematisk utanfor frivilligheita. Dei frivillige kulturorganisasjonane har eit særskilt ansvar for å sikre mangfald i sine rekkjer ved å gjere det lett for barn og unge å delta og engasjere seg. Styresmaktene skal på si side leggje til rette for at vi har eit levande frivillig kulturliv gjennom breie støtteordningar, slik det er formulert i stortingsmeldinga om den statlege frivilligheitspolitikken.

Mange frivillige organisasjonar arbeider systematisk og godt med dette allereie, men det er framleis potensial for eit meir representativt frivillig kulturliv. Om vi lykkast betre med det, vil det gi positive inkluderingsresultat på kort sikt i form av breiare fellesskap og sterkare tilhøyrsle. Og det kan gi positive integreringsresultat på lang sikt fordi det er i det frivillige kulturlivet talentutviklinga og rekrutteringa til høgare utdanning og det profesjonelle kulturlivet tek til.

Deltaking i frivillige organisasjonar er viktig i samfunnet vårt, og i lokalsamfunn er kulturlivet og foreinings- og organisasjonslivet den viktigaste møteplassen utanom jobb og skule. Det er viktig for å kunne delta i arbeidslivet og bli inkludert i lokalmiljøet.

(…)

  • Støtte opp under institusjonar og aktørar som gjer ein særskild innsats for integrering, og som ønskjer å gjennomføre tiltak for å auke det kulturelle mangfaldet og nå ut til nye grupper
  • Arbeide for at alle barn og unge får delta på kulturaktivitetar
  • Målrette tilskotsmidlar og mobilisere det frivillige kulturlivet for å stimulere til auka kulturell deltaking
  • Oppfordre tilskotsmottakarar til å utvikle eigne strategiar for å medverke til auka relevans og representativitet

Kulturlivet som arena for danning

Kunst og kultur kan gi barn og unge opplevingar og eit rom for ytring som har identitetsbyggjande kraft i livet til den enkelte. Barn og unge skal også bli publikum, kulturprodusentar og kunstnarar i framtida.

(…)

Barn og unge bør møte kunst- og kulturuttrykk som representerer eit mangfald av erfaringar, mellom anna for å motverke kulturelt utanforskap. Alle barn og unge skal ha tilgang til eit kulturtilbod med høg kvalitet, aktualitet og relevans, og få høve til å delta og utfalde seg i eit fritt og uavhengig kulturliv.

Framtidsanalysen viser at unge er ei målgruppe det er spesielt vanskeleg å nå med dei tradisjonelle offentleg finansierte kulturtilboda. Dermed ser det ut til at det trengst nye verkemiddel og auka innsats for å føre vidare den gode utviklinga norsk kulturliv har hatt gjennom fleire tiår.

Kunst og kultur i utdanninga

Alle faga i grunnskulen, også praktiske og estetiske fag, og dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring skal no fornyast. Nye læreplanar skal takast i bruk hausten 2020. Det overordna målet med fagfornyinga er å få læreplanar med tydelegare progresjon, betre samanheng mellom faga og relevant innhald som legg til rette for djuplæring. Fagfornyinga skal medverke til eit verdiløft i skulen.

(…)

  • Medverke til å gi barn og ungdom kulturell ballast, opplæring og glede i møte med ulike kunstuttrykk
  • Gi fleire barn og unge sjansen til å delta på eit kulturskuletilbod gjennom å leggje til rette for samarbeid mellom kulturskule, skulefritidsordning og frivilligheit, samtidig som ein tek vare på eigenarten til kulturskulen
  • Sikre kommunane fridom til sjølv å finne dei løysingane som gir best kulturskule- og fritidstilbod lokalt, men leggje til rette for tilgjenge, mangfald og kvalitet i det tilbodet som blir gitt
  • Styrkje kulturskulane si rolle som regionale talentaktørar
  • Vurdere korleis kulturtilbodet for barnehagebarn kan forbetrast nasjonalt
  • Sikre ei framleis god Frifond-ordning for barne- og ungdomsorganisasjonar og eigenorganisert frivillig aktivitet
  • Utarbeide ein ny nasjonal bibliotekstrategi for perioden 2020–2023
  • Leggje fram ei språklov og språkmelding som grunnlag for å sikre at norsk språk held på posisjonen som eit fullverdig samfunnsberande språk i Noreg, og definere ansvaret for å verne og styrkje samisk, dei nasjonale minoritetsspråka og teiknspråk
  • Leggje fram ei barne- og ungdomskulturmelding som skal
    • løfte fram barn og unge som målgruppe og aktive deltakarar
    • medverke til å heve statusen og kvaliteten på kultur som blir skapt og formidla til barn og unge
    • sjå dei ulike satsingane innanfor kulturskule og barne- og ungdomskultur i samanheng
    • sjå på kulturskulane si rolle i eit integreringsperspektiv
    • vurdere korleis ressursar og kompetanse kan spele saman for å komme barn og unge til gode i endå større grad
    • styrkje samarbeidet mellom kultursektoren og kunnskapssektoren

Les mer

Les hele kulturmeldinga her

Utredning av oppgave- og ansvarsfordelingen mellom forvaltningsnivåene på kulturområdet (tillegg til kulturmeldinga)

Pressemelding på regjeringen.no: Ny kulturmelding – Kulturpolitikk for framtida

UNOFs innspill i arbeidet med å lage kulturmeldinga