Med UNOF og Kvartalkvartetten til Nepal

8.-16. oktober reiste Kvartalkvartetten frå Trondheim saman med fire representantar frå UNOF til Nepal for å vere med på orkesterworkshop. Ingen av oss kjende kvarandre frå før, ettersom vi er frå ulike stadar i Noreg: Anne frå Nøtterøy, Johanna frå Mosjøen, Tine frå Moss og Heidrun frå Volda.

Ettersom vi ikkje kjende kvarandre var det veldig spennande å møtast for første gong på Gardermoen! Heldigvis tok det ikkje lang tid før vi vart godt kjende. Prosjektet i Nepal var utruleg kjekt. Vi fekk oppleve og lære svært mykje. Ikkje berre å spele i orkester i eit anna land, men også om ein ny kultur.   For oss jentene var det første gong i Nepal og for nokon første gong utanfor Europa.

Vakkert og annerledes

Nepal er eit vakkert land med mykje å bu på, både natur, kultur og flotte menneske. Kathmandu ligg på 1300 meters høgde og dei høge Himalaya fjella er ikkje langt unna. Sjølv om Nepal er eit fint land er det mykje som kunne vore betre. Husa i byen ligg veldig tett og er små. Dei elektriske leidningane heng i stolpar overalt, desse stolpane er fleire stadar overfylt av leidningar, noko som ofte fører til straumbrot. I tillegg er trafikken ekstremt kaotisk. Det er ingen reglar, berre køyr når du vil, helst utan å skade nokon.

Flyturen til Nepal var veldig lang. Det var først 11 timar med fly til Bangkok og etter å ha vore i Bangkok nokre timar var det ein 3,5 timers flytur før vi endeleg var framme i Kathmandu, som er hovudstaden i Nepal. Mange inntrykk møtte oss allereie på flyplassen. Klimaet er ulikt frå kva vi er vant med og organiseringa er mykje dårlegare enn den ville vore i Noreg. Menneska i Nepal er veldig venlege. Ein gjeng frå orkesteret tok i mot oss på flyplassen. Av dei fekk vi skjerf og blomsterkransar. Vi fekk for første gong oppleve at menneska i Nepal er veldig hyggelege.

Første dag: ankomst

Etter å ha møtt dei hyggjelege folka på flyplassen vart vi køyrd til hotellet. Denne køyreturen var ganske ulik frå ein vanleg køyretur i Noreg. For det første køyrer dei på motsett side av vegen. Trafikken er veldig kaotisk, med ingen gode vikepliktsreglar eller køyremønster. Regelen i Kathmandu var: Køyr når du vil! Overraskande nok klarte vi å kome oss til hotellet gjennom mange trange og kaotiske gater utan skader på oss sjølve eller andre. Ein annan ting er at gatene også vert brukt av firbeinte dyr, som for eksempel kyr.

Den første dagen, som var dagen vi kom til Nepal, vart brukt til å sjekke inn og gjere seg kjend med det fine hotellet. Etter å ha fått i oss ein matbit, var det tid for den første orkesterprøven. Heldigvis var det ikkje langt å gå frå hotellet til øvingslokalet. Då vi kom til øvingslokalet vart vi møtt av mange kjekke barn, unge og vaksne som ville helse på oss, noko som var veldig kjekt! Alle smilte og var veldig glade for å sjå oss. Heldigvis kunne dei fleste engelsk, så kommunikasjonen var ikkje eit stort problem. Først spelte vi med juniororkesteret, der vi mellom anna spelte «Per Spellman» og «Alle fugler». Vi spelte også med kammerorkesteret, til dømes «Holberg Suiten» av Edvard Grieg. Då øvinga var ferdig dro vi rett tilbake til hotellet for å sove, ettersom alle var slitne og trøtte etter den lange reisa.

Andre dag: ambassadekonsert

Den andre dagen var alle meir utkvilt enn dagen før. Vi starta med ein god frukost på hottelet, etterfulgt av øving med orkesteret. KvartalKvartetten og oss fire jentene øvde også på eige reportear som vi skulle framføre på eigne konsertar. På hotellet var det takterasse med badebasseng, vi fire jentene tok oss eit forfriskande bad der. På kvelden spelte vi konsert på Den Norske Ambassaden i Nepal. Det var ein veldig fin konsert, der vi fekk møte mange hyggelege nordmenn. Alle var veldig glade for at vi spelte, og etter konserten var det mat og mingling ute på området til ambassaden. Vi vart transportert med buss til og frå ambassaden. Dette var ein kaotisk tur på grunn av trafikken. På veg tilbake fekk vi til og med oppleve å få motorstopp midt i ei rundkøyring!

Tredje dag: konsert med rød løpar

Den tredje dagen starta vi med å spele for ca. fem hundre elevar og lærarar på ein av skulane i byen. Det var gøy, vi vart tatt imot som kjendisar med masse jubel og raud løpar! I tillegg til konserten, hadde vi også orksterøving. På øvinga kom det TV-reporterar frå ein av dei lokale kanalane. Vi har med andre ord vore på TV i Nepal, er ikkje det kult?

Etter øvinga reiste nokon av oss til Swayambhunath, ein buddhistisk sjåverdigheit, meir kjend som Apetempel. Namnet Apetempelet kjem nok av at det bur ein del apar rundt omkring på tempelet. Det var veldig fint å sjå dette tempelet, og i tillegg fekk vi veldig fin utsikt over byen! Det einaste negative var at Johanna nesten vart stanga av ei heilag ku.

Deretter var det på tide med shopping. Vi vandra rundt i dei tange gatene i Thamel, som er området vi budde i. I gatene var det mange små og koselege butikkar. Her er det ingen store butikkar som sel alt, som for eksempel Coop Extra. Det er ein liten butikk som sel te, i nabobutikken sel dei motorsykkelhjelmar, og butikken over gata har fargerike skjerf.

Fjerde dag: skulekonsert til fjells

Dag nummer fire skilde seg litt ut frå dei andre. Tidleg om morgonen reiste vi med minibuss for å dra på ein utflukt til ein landsby ca. to timar unna. På veg til landsbyen fekk vi sjå mykje av det flotte landskapet og naturen i Nepal. Vi fekk òg køyre på landevegar med mykje lavare standard enn i Noreg. På turen fekk vi mellom anna sjå dei høge Himalaya-fjella. Mount Everest kunne vi ikkje sjå på grunn av skodde, men vi såg liknande fjell med om lag same høgd. Då vi kom fram til landsbyen, Phulbari, spelte vi konsert på ein barneskule der. Denne konserten skilde seg litt ut frå dei andre skulekonsertane, med tanke på at denne konserten var utandørs. I tillegg var det kjempevarmt!

Etter å ha spelt konsert fekk vi vere med opp til ein liten «fjellgard», der vi fekk ordentleg nepalesisk mat og sjå ei utruleg fin utsikt. Vi vart fortalt at turen opp tok ca. ein halv time, dette var ikkje heilt korrekt, ettersom nokon av os brukte om lag ein time opp i steikande sol. Etter den fine, men strabasiøse turen fortsatte vi bussturen i retning Karve. I Karve spelte vi konsert på ein SOS barneby. Etter konserten fekk vi omvisning rundt på området, og vi vart invitert inn til ei av jentene, der vi fekk både nepalesisk te og kjeks. Dette var ein innhaldsrik og fin dag!

Femte dag: bakteriene kommer

Dag fem fekk vi for alvor kjenne på risikoen med å vere turist i eit anna land med ukjende bakteriar. Første deltakar, Johanna, har vorte sjuk.

Denne dagen spelte vi vår siste skulekonsert for eit flott publikum, noko som igjen var veldig kjekt. Vi hadde også orkesterøving og det vart tid til sightseeing og shopping. Vi fekk sjå Kathmandu Durbar Square som er på UNESCO si verdsarveliste. Dette torget består av mange hinduistiske tempel. Nokre av desse tempela var under oppbygging, ettersom dei vart hardt råka av jordskjelvet i 2015. Det var veldig fint å vandre rundt på torget, og også kjekt at vi hadde med oss nokre guidar frå orkesteret. Det vart også tid til shopping for dei som ønska det.

Sjette dag: avslutningskonsert

Den siste heile dagen var omsider kommet. Dette var dagen i skulle avslutte den fantastiske veka på med ein avslutningskonsert. Vi starta med øving i konsertlokalet, Budda Hall. Både juniororkesteret og kammerorkesteret øvde på alt reportoaret sitt. Etter øvinga vart det ein liten matbit og skifting til konsert. Konsertsalen vart fylt opp med mange folk og etter ei stund gjekk endeleg scceneteppet opp og konserten kunne starte.

Det vart ein lang konsert med mykje fin musikk. Det var både norsk og nepalesisk musikk, men også andre musikalske stykker. KvrtalKvartetten og vi jentene frå Noreg spelte også noko åleine på konserten. I tillegg var det ei cellogruppe, med både norske og nepalesiske, som imponerte stort! Under konserten las dei opp alle namna på deltakarane slik at alle skulle få ein blomsterkrans. Vi frå Noreg fekk i tillegg ein kjempetung Buddhastatue kvar som gåve. Etter den lange, men fine konserten vart det tatt mange bilder! Alle dei nepalesiske ungdommane ville ha bilete med oss frå Noreg. Smilebanda våre vart slitte, men det var utruleg kjekt og koseleg!

Etter konserten dro alle til ein restaurant for å feire at konserten var ferdig. Der var det mat og drikke, utdeling av diplom og tid til å snakke og ha det kjekt med nepalesarane ein siste gong. I og med at dette var siste kvelden måtte vi ta farval med dei hyggjelege folka. Dette var tungt for oss alle, men verst for Tine, som felte nokre tårer, då ho måtte ta farvel med dei søte, små jentene. Vi reiste tilbake til hotellet og sov vår siste natt i Nepal.

Sjuande dag: heimtur

Vår siste dag gjekk med til pakking og utsjekking på hotellet, før vi vart køyrd til flyplassen i god tid før avreise. Nokre frå orkesteret møtte oss der for å ta eit siste farvel. Flyplassen i Kathmandu er ikkje like godt organisert som Gardermoen, men til slutt kom vi oss til den kaotiske gaten vår, der vi venta på å få gå om bord i flyet til Bangkok. Flyturen gjekk fint, og i Bangkok vart det 6 timar ventetid før flyet til Noreg. Det vart tid til ein matbit, shopping og elles hadde vi det veldig morosamt på flyplassen. Etter 11 timar med fly frå Bangkok landa vi endeleg i Noreg. Gleda var stor då vi fekk bagasjen vår. Etter dette tok vi farvel med kvarandre og takka for ein veldig fin tur. Dei fleste skulle rett vidare med fly, tog og buss.

Turen til Nepal har vore heilt fantastisk for oss! Vi fekk oppleve utruleg mykje og møte ein kultur og kvardag som er veldig ulik frå den vi er vant til. Å spele i orkester i Nepal var veldig kjekt og givande med så hyggjelege folk. Vi fekk oppleve at mykje er annleis frå Noreg. Både klima, levemåtar, hus, trafikk og det å møte presis var heller ikkje så viktig i Nepal. Vi er utruleg takksame for at vi fekk vere med på denne turen. Det var veldig interessant å høyre om kvardegen til ungdommane i Nepal og samanlikne med vår eigen kvardag. Å diskutere musikk og øving med dei var også veldig inspirerande.

Vi fekk mykje inspirasjon frå heile prosjektet som vi har tatt med oss heim. Eg trur nok eg trygt kan seie at vi jentene svært gjerne seier ja til ein ny tur til Nepal. Nepal er verkeleg eit flott land, som alle burde få oppleve. Vi kjem garantert til å hugse denne turen lenge. Tusen takk til KvartalKvartetten og UNOF som har gjort turen så kjekk og fin for oss!

Skrive av Heidrun Sunde Stokke, på vegne av deltakarane frå Noreg. Du kan lese mer om UNOF og Kvartalkvartettens aktiviteter i Nepal på facebooksiden UNOF i Nepal.

LagreLagre

LagreLagre